Kraftsituasjonen veke 18, 2020 - NVE

Auke i norsk kraftproduksjon 

I Noreg var produksjonen i veke 18 heile 10 prosent høgare enn veka før. Auka i norsk kraftproduksjon bidrog til at Noreg fekk den høgaste nettoeksporten for ei veke hittil i år. Høgare produksjon i Noreg bidrog også til at samla nordisk produksjon var 4 prosent høgare enn veka før, trass lav vindkraftproduksjon i Sverige og Danmark. 

Kraftprisen i Noreg auka frå veka før, og snittprisen i sentrale Aust-Noreg og i Nord-Noreg var på høvesvis 6,2 øre/kWh og 7,9 øre/kWh. Terminprisane for tysk kraft fall med 8 prosent frå veka før, blant anna grunna noko lågare prisutsiktar for europeiske utsleppskvotar. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 18, 2020