Publisert 25.03.2020

Kraftsituasjonen veke 12, 2020

Betydeleg reduksjon i gass- og CO2-prisar trekk nordiske terminkontraktar ned 

Høg hydrologisk balanse og reduksjon i kraftforbruket bidrog til at norske kraftprisar fall i veke 12 samanlikna med veka før. I førre veke auka eksportkapasiteten frå Noreg til Danmark til 1400 MW. Kapasiteten er likevel fortsett redusert, samanlikna med maksimal eksportkapasitet på 1600 MW. Importkapasiteten frå Danmark til Noreg vart samstundes redusert til 950 MW. 

Utbreiinga av koronaviruset førte til storfall i den globale økonomien førre veke, og bidrog til ei forventing om lågare forbruk av kraft i tida framover og eit mindre behov for kol og gass. Dette førte til at prisane på europeiske CO2-kvotar fall med om lag 10 €/tonn, samanlikna med veka før. Lågare prisar på gass og CO2-kvotar bidrog til at prisane på nordiske og tyske terminkontraktar også fall  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 12 her

 

 

 

Kontaktpersonar

Frida Hugaas Aulie

frau@nve.no