Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 19.07.2019

Varsel om oransje farenivå - Veslemannen 19.07

Like etter klokka 9 gjekk det fleire større steinsprang og det var stor auke i hastigheit i fjellpartiet. Steinsprangaktiviteten har i ettertid gitt seg og hastigheita avtek raskt. Hastigheita er framleis høg og er omlag 500 mm/døgn i øvre del av området, og 30 mm/døgn i frontpartiet. På bakgrunn av dette aukar NVE farenivået til oransje.

I år har det vore store bevegelsar tidligere enn normalt, noko som tyder på dårlegare stabilitet. Fjellpartiet akselererer raskt, også når det berre er små nedbørsmengder. Heving av farenivå kan difor skje relativt raskt. Farenivået har variert tidlegare i sommar, men sidan 9. juli har det vore gult.

Veslemannen er ein liten, men svært aktiv del av fjellpartiet Mannen. 

Ved oransje farenivå blir det publisert statusrapporter ca kl 09:00 og ca kl 18:00 om bevegelsene på: www.varsom.no/fjellskredovervaking/varsel/veslemannen/

Geologene vil normalt ikke være tilgjengelig for spørsmål og kommentarer før rapporten kl 09 er publisert. 

I år vil NVE i utgangspunktet ikke være tilstede i Rauma ved oransje og rødt farenivå, noe som medfører at det ikke vil bli holdt daglige pressebriefer. Dersom Rauma kommune eller de evakuerte i enkelte situasjoner har behov for dialog og direkte møter med NVEs fagfolk vil, NVE prioritere tilstedeværelse i Rauma.

Les mer om Mannen og Veslemannen på: www.nve.no/flaum-og-skred/fjellskredovervaking/mannen

Kontaktpersoner

Vakthavande geolog: 474 55 454 (ikkje sms) (kl 07- 0730 og etter kl 09)
NVEs pressetelefon: 489 97 667 (ikkje SMS)

Dagens farenivå