Publisert 21.06.2018

Odda har fått betre tryggleik mot flaum

NVE har bygd flaum- og erosjonssikring for å betre tryggleiken i Odda. Torsdag 21. juni vart sikringsanlegget overlevert til Odda kommune.

- Sikringa har kosta totalt 90 millionar kroner. Rundt 60 bustadar, fleire næringsbygg og -areal har fått betre tryggleik mot flaum, fortel regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

Det har vore eit komplisert og omfattande prosjekt. To og ein halv kilometer av elvekanten, frå Sandvinvatnet og ned til fjorden, er sikra med flaum- og erosjonssikring. Rundt 100.000 tonn massar er køyrd til og gamal deponimasse er forsegla for å unngå forureining til elva.

- Under flaumen i 2014 var det store øydeleggingar. Det har vore eit omfattande prosjekt med handtering av store mengder masser for å etablere områda på nytt, fortel Samdal.

Overleveringa vart markert med synfaring. Etterpå vart overtakingsprotokollen signert av regionsjef i NVE, Brigt Samdal og ordførar i Odda kommune, Roald Aga Haug.

- Odda kommune vil føre tilsyn og vedlikehald med sikringsanlegget, seier Samdal.

 

Betre for både folk og fisk

Opo er eit verna vassdra. Ein viktig del av arbeidet var å legge til rette for gode oppvekst- og levekår for fisk. Biologisk fagkompetanse har vore med under planlegging og utføring av sikringstiltaket.

- For å betra levetilhøva for fisk har vi bygd oppatt elveløpet, laga kulpar og lagt ut gytegrus. Det er gledelig at laksen er observert tilbake i elva, fortel Samdal.

Under planlegging av sikringsarbeidet har NVE nytta landskapsarkitekt for å tilpasse anlegget til lokal arkitektur og kulturminner. Anlegget opnar no opp områda langs elva med tursti og amfi. Det er lagt til rette for vandring langs heile vassdraget frå fjorden og opp til Sandvinvatnet. Noko ein ikkje kunne gjere tidlegare.

- Dei tekniske løysingane tek vare på sikringsaspektet samstundes som elva har blitt tilgjengeleg for folk, seier Samdal.

Arbeidet med flaumsikringa er utført av NVE si anleggseining med innleigde underentreprenør. Totalt blei det utført oppdrag med lokale kontraktar for 80 millionar kroner.

Godt samarbeid mellom Odda kommune og NVE har gitt gode sikringstekniske løysingar og betra tilhøve for livet i elva.

 

Fakta

Odda krisehandtering/krisetiltak

  • NVE gjekk i gong dagen etter hendinga med planlegging av løysing for krisetiltak og tilkøyring av massar. Lastebilar og gravemaskiner var i full sving i elva etter 2 dagar.
  • Ein har utnytta bygginga av krisetiltaket som grunnlag for den permanente løysinga.

Vestlandsflaumen oktober 2014

  • Fekk innmeldt over 100 meldingar frå kring 50 kommunar – behov for mogleg bistand til sikringstiltak. Det meste handterer kommunane sjølve, også ein del naturskade.
  • NVE kostnadsberekna behov for tilleggsbevilling til sikring på kr 216 mill.
  • Regjeringa innvilga kr. 216 mill.
  • Totalt 58 tiltak i 19 kommunar i 3 fylker er utført etter flaumen.
  • I Odda opplevde fleire å sjå at huset vart teken av flaumen. Kring 25 personar mista heimen sin. I tillegg vart det skade på fleire andre hus og næringseigedomar.

 

Kontaktpersoner

Brigt Samdal, regionsjef NVE region vest,

mobil: 90 74 82 38

Erik Due, kommunikasjonsrådgjevar

mobil: 90 99 14 00