Publisert 31.05.2017 , sist oppdatert 01.06.2017

NVE overleverer faresonekart for skred til Vågsøy kommune

Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Steinskred er den mest dominerande skredtypen i kommunen. NVE overleverte karta 1.juni 2017.

Utsnitt faresonene for utvalde områda i Vågsøy kommune

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Vågsøy kommune. Vi ser mellom anna at det er over 60 bustader som har ein høgare årlig sannsyn enn minstekravet på 1/1000 som gjeld for nybygg i TEK10, fortel Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

Det er utarbeidd faresonekart for områda Refvika, Kvalheim, Torskangerpollen, Måløy, Ulvesundet, Barstadvika, Raudeberg, Deknepollen, Trollebø, Saltkjelen – Hagevik, Hjarteneset, Myrane, Øvre Tennebø, Vindhammaren, Biskjelneset og Almenning.

Karta er enkle i bruk og tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei skredsone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Samdal.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytte resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Kontaktpersonar

Brigt Samdal, regionsjef
mobil: 907 48 238

Toralf Otnes, senioringeniør
mobil: 958 75 035