Publisert 31.05.2017

NVE overleverer faresonekart for skred til Stryn kommune

Stryn kommune i Sogn og Fjordane får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Snøskred er den mest aktive skredtypen i kommunen. NVE overleverte karta 31. mai 2017.

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Stryn kommune. Vi ser mellom anna at det er over 200 bustader og fritidsbustader som har ein høgare årlig sannsyn enn minstekravet på 1/1000 som gjeld for nybygg i TEK10, fortel Siss-May Edvardsen, sjefingeniør i NVE.

Det er utarbeidd faresonekart for områda Årheim, Nedstryn, Mindresunde, Oppstryn, Flo, Loen, Olden, Eide, Beinnes, Håheim, Flåten – Sunde, Gytri, Yri, Oldedalen nord, Oldedalen sør, Rake/Solvik og Hjelledalen.

Karta er enkle i bruk og tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei skredsone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Edvardsen.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Kontaktperonar

Siss-May Edvardsen, sjefingeniør
mobil: 952 90 114

Toralf Otnes, senioringeniør
mobil: 958 75 035