Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 11.06.2021 , sist oppdatert 28.06.2021

FOU-prosjekt for betre modellering av sørpeskred

Behovet for betre modellering av sørpeskredutløp vart avdekka i samband med utarbeiding av ny veileder. Ein modell som blir brukt for å berekne flaumskred har vore testa på fem kjente sørpeskredhendingar. Testen viser at det i nokon grad er mogleg å bruke modellen også for sørpeskred, ved å tilpasse friksjonsparametrane. Prosjektet vart utført av Skred AS på oppdrag for NVE.

Sørpeskred i Skjomen i Narvik, mai 2010. Foto: nisc/NVE

Behov for betre modellering

Behovet for ein meir validert og robust metodikk for modellering av sørpeskredutløp vart avdekka i samband med utarbeidinga av ny veileder for utredning av sikkerhet mot skred i bratt terreng.

Det fins per i dag ingen dynamiske modellar for berekning av bevegelsen til sørpeskred. Der finst imidlertid modellar som er utvikla for andre straumliknande prosessar, til dømes RAMMS::DEBRISFLOW (RDF), som inneheld friksjonsparameter som er anbefalt for berekning av flaumskred. Hypotesa var at RDF også kunne brukast til modellering av sørpeskred, dersom friksjonsparametrane (My og Xi) vart justert, då sørpeskred har annleis reologi enn flaumskred.

Betre modellering av sørpeskred vil vere svært nyttig for å kunne lage gode, etterprøvbare og meir realistiske faresoner for sørpeskred. Med bakgrunn i dette, vart FoU-prosjektet satt i gang av NVE, for å betre kunnskapsgrunnlaget i bransjen som utgreiar skredfare.

Test av RDF på fem kjente sørpeskred

Skred AS tok utgangspunkt i fem kjente sørpeskredhendingar, og testa ulike kombinasjonar av My og Xi, for å få modellen til å etterlikne skreda i størst mogleg grad (figur 1). Dei undersøkte observerte hastigheiter, klatrehøgder, skredbane og skredutbreiing. Dei testa også ulike plasseringar av losneområder, volum i losneområde og dessutan bruk av erosjonsmodulen i RDF.

Modell for flaumskred kan tilpassast sørpeskred

Gjennomgangen viste at det i nokon grad er mogleg å bruke RDF for å etterrekne hendingane, ved tilpassing av My og Xi; dei standard friksjonparametrane for flaumskred (My=0,2; Xi=200m/s2) gir for låg mobilitet for sørpeskred. Det er naudsynt å bruke kombinasjonar av friksjonsverdiar med My≤0,02 og Xi≥2000m/s2 for å få berekna hastigheiter og skredutløp.

Det er laga anbefalingar til friksjonsparameter, My og Xi, som kan brukast som utgangspunkt ved berekning av sørpeskredutløp. Det er laga sett med friksjonsparameter for berekning av skred med høvesvis 1/100, 1/1000 og 1/5000 årleg sannsyn. Det er også laga eigne sett for parametrane dersom ein tek i bruk erosjonsmodulen i RDF (figur 2).

For faresoner 1/5000 der sørpeskred er dimensjonerande hending, blir det anbefalt å legge større vekt på geomorfologisk tolking enn på berekningsresultat frå ein dynamisk modell.

Ein bør vere merksam på at analysane er gjort eit avgrensa tal analysar (berre fem skredhendingar), men det er likevel truleg betre enn fleire av dei parametersetta som tidlegare har vore brukt.

Handtering av erosjon

Dei analyserte sørpeskreda viser at det er svært mykje medriving av lausmassar og snø i skredbana. Fleire av skreda har truleg gått over til flaumskred etterkvart, men som ei forenkling er det likevel berre brukt eitt sett med parameter. Bruk av erosjonsmodulen er diskutert i rapporten; dei landar på at det er betre å skildre medriving av massar ved å bruke erosjonsmodulen, framfor å plassere antatt mengde eroderte/medrivne massar i losneområdet. Her må ein også vere merksam på avgrensingar i modellen, og at den i utgangspunktet er tilpassa lausmassar.

Kvar ein plasserer det «berekningstekniske» losneområde kan ha påverknad på modelleringsresultatet. Difor bør ein undersøke og kommentere korleis ulike plasseringar påverkar resultatet.

Hele rapporten kan lastes ned her.

Kontakt

Prosjektleder Sunniva Skuset
tlf. 90 18 33 99

Sørpeskred (1)
Figur 1: Døme på hastigheitsberekningar med ulike friksjonsverdiar, for å forsøke å etterlikne skredet, vist med blått polygon (estimert skredutbreiing frå NVE Atlas).

Fakta

Sørpeskred: skred som består av vassmetta snømassar. Kan starte i slakare terreng enn snøskred.

Flaumskred: hurtige, flaumliknande skred som i hovudsak opptrer langs definerte elve- og bekkeløp, men òg der det vanlegvis ikkje er permanent vassføring. Vassmassane kan rive laus og transportere store mengder lausmassar og vegetasjon i og langs løpet.

Reologi: læren om flyte- og deformasjonsegenskapene hos materialer, spesielt viktig ved karakterisering av seige væsker og plastiske masser og materialer.