Publisert 22.10.2018

Dalen i Telemark har fått betre tryggleik mot flaum

NVE har bygd flaum- og erosjonssikring for å betre tryggleiken i Dalen i Telemark. Måndag 22. oktober vart sikringsanlegget overlevert til Tokke kommune.

Ordførar i Tokke, Jarand Felland og regionsjef i NVE, Anne Cathrine Sverdrup ved overlevering

- Sikringa har kosta totalt 49 millionar kroner. I underkant av 90 bustadar og 50 næringsbygg har fått betre tryggleik mot flaum, fortel regionsjef i NVE, Anne Cathrine Sverdrup.

Det har vore eit komplisert og omfattande prosjekt. 1600 meter av Tokkeåi er sikra med flaum- og erosjonssikring, inkludert fire pumpestasjonar med naudstraumanlegg.  

Det er lagt stor vekt på å gi tiltaka ei god tilpassing til vassdrag og ein bruksvennleg utforming i områder ved hagar og andre sentrale uteområde.

Ein permanent flaumvoll som sikrar mot 200-årsflaum ville vore to meter høg og 110 meter lang. For å unngå ein så høg mur har ein etablert ei permanent sikring mot 100-årsflaum, medan ein ved varsel om 200-årsflaum vil gjere flaumvollen høgare med ei mobil tilleggssikring.

- Når det blir varsla stor flaum blir det montert aluminiumselement på toppen av flaumvollen og bebuarane vil bli sikra mot ein stor flaum. Aluminiumselementa ligg lagra like ved og blir montert av brannvesenet, fortel Sverdrup.

Under overleveringa vart den siste aluminiumsbjelken lagt i flaumverket av ordføraren og regionsjefen – og dermed er flaumsikringa erklært ferdig.

Arbeidet med flaumsikringa er utført av NVE si anleggseining med innleidde underentreprenør. Totalt blei det utført oppdrag med lokale kontraktar for 28 millionar kroner.

 

Pressekontakt
Anne Cathrine Sverdrup, regionsjef: 907 52 061

NVEs pressetelefon: 489 97 667 (ikkje sms)