Publisert 28.04.2016

Betre oversyn over skredfare i Vikebygd, Ullensvang herad

Ullensvang herad får no eit betre og meir presist kart som gjev oversyn over skredfaren i Vikebygd. Faresonekartet syner at 30 busetnader på Nå, Rogdo og Ytre Bleie ligg innafor 100-års faresona for skred. NVE overleverte kartet torsdag den 28. april 2016.

Kartet tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred.

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Ullensvang. Vi ser at snøskred er den skredtypen som i dei fleste tilfella er utfordringa i høve busetnaden, medan det på Rogdo er fleire skredtypar som kan råka hus, fortel Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

Kartet er enkelt i bruk. Ei felles faresone er teikna for dei aktuelle skredtypane, slik at heradet berre treng å halda seg til éi faresone om gongen. På den måten får heradet raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

– Med faresonekartet som NVE no har fått utarbeidd, har heradet eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Samdal.

Grunnlaget for faresonekartet er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, feltsynfaringar og modellering av skreddynamikk. Karta er produsert i digital form, slik at heradet og andre kan nytta dei i eigne verkty saman med andre kartdata.

Rapport med karta finn du her

Kontaktpersonar

Siss-May Edvardsen, sjefingeniør/sikringsteknisk koordinator, mobil: 952 90 114

Yngve Midtun, avdelingsingeniør/geolog, mobil: 409 18 678