Giske kommune får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare. Faresonekarta syner at 24 bustadar ligg innafor 1000-års faresona for skred i dei kartlagde områda. NVE overleverte karta tysdag 5. april 2016.

Område 3, Juv - faresoner (alle skredtyper)

Karta tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred, og dekker områda Synes, Alnes, Juv, Valkvæ, Valdervoll og Øvre Valderhaugstrand, og Skaret-Øvre Nordstranda.

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Giske. Vi ser at steinsprang er den skredtypen som i dei fleste tilfella utgjer ein fare for busetnaden. I nokre område er det snøskred, flaum- og jordskred som kan råke hus, fortel Brigt Samdal, regionsjef i NVE.

Karta er enkle i bruk. Ei felles faresone er teikna for dei aktuelle skredtypane, slik at kommunen berre treng å halda seg til éi faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Samdal.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, feltsynfaringar og modellering av skreddynamikk. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta dei i eigne verkty saman med andre kartdata.

Rapporten kan du sjå her.

Faresonekarta kan du sjå i NVEs kartkatalog.