Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 07.04.2022

Betre oversikt over skredfaren i Vestnes kommune

Vestnes kommune får no betre og meir presise kart som syner skredfaren. Det er i hovudsak jordskred, flaumskred og steinsprang som utgjer størst fare for den mest utsette busetnaden.

Foto: Asplan Viak AS

 – Kartlegginga gir oss ny og oppdatert kunnskap om skredutfordringane i Vestnes kommune. Med faresonekarta som NVE nå har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakhandsaming, for å vurdera eventuelle sikringstiltak og for bruk i lokal beredskap, seier regionsjef Aart Verhage.

Fare for fleire typar skred
Innanfor dei sju kartlagde områda ligg totalt åtte bygg innanfor faresonene der årleg nominelt sannsyn for skred er større enn akseptkriteria i byggteknisk forskrift (TEK17). Det er skredtypane jordskred, flaumskred og steinsprang som utgjer dei største skredfarane.

Nye vurderingar
Kartlegginga tek omsyn til både erfaring og tidlegare skredfarevutgreiingar og det er gjort nye vurderingar av skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Områda som er kartlagt er Rekdal, Fiksdalsstranda, Kjelbotn–Salthammaren, Løvika, Øvstedalen–Kyrkjesylte, Hoem og Skjegstad.

Karta er enkle i bruk. Det er teikna ei felles faresone for dei aktuelle skredtypane, og det skal vera lett å raskt få oversikt over kva område som er skredutsett.

Digitale kart
Grunnlaget for faresonekarta i Vestnes kommune er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, klimaanalyse, tidlegare skredhendingar, synfaringar i felt og simulering av skred med dynamiske skredmodellar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan bruka dei i eigne verktøy saman med anna kartdata.

Karta er overlevert Vestnes kommune.

Kontaktpersonar
Aart Verhage, regionsjef
Telefon: 22 95 96 80

Yngve Midtun, overingeniør
Telefon: 22 95 95 32