Betre oversikt over skredfare i Tokke kommune

Tokke kommune får no betre og meir presise kart som gjev oversikt over skredfare. I dei kartlagde områda ligg ingen bustader innanfor 100-års faresona for skred. Fem hus ligg innanfor 1000-års faresone.

Kartet tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Dei kartlagde områda er Vistad, Huvestad, Bandakjordet, Dalen og Lårdal.

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Tokke. Vi ser at steinsprang er den skredtypen som utgjer størst fare for bustadhus, fortel Anne Cathrine Sverdrup, regionsjef i NVE.

Karta er enkle i bruk. Det er teikna ein felles faresone for dei aktuelle skredtypane, slik at kommunen berre treng å forholde seg til ein faresone om gangen. På den måten får kommunen raskt oversikt over kva område som er skredutsatt.

– Med faresonekartet som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Sverdrup.

Grunnlaget for faresonekartet er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, klimaanalyse, tidlegare skredhendingar, synfaringar i felt og modellering av skreddynamikk. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytte dei i eigne verkty saman med andre kartdata.

Rapport finn du her

Faresonekarta finn du her


Kontaktpersonar:

Anne Cathrine Sverdrup, regionsjef,
mobil:907 52 061

Odd-Arne Mikkelsen, geolog,
mobil: 977 59 345