Publisert 24.09.2018 , sist oppdatert 25.09.2018

Betre oversikt over skredfare i Eidfjord, Granvin og Ulvik

Eidfjord, Ulvik og Granvin kommune får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Det 25 bygg innanfor 100-årssonen, og over 300 bygg innanfor 1000-årssonen i alle kommunane.

Karta blir overlevert til Eidfjord kommune 24. september og Granvin kommune den 25. september.

Ulvik kommune blei også kartlagt i forbindelse med dette prosjektet, dette kartet er allereie overlevert til Ulvik kommune 29. august 2018. 

Områda som er kartlagt for Eidfjord:

Øvre Eidfjord, Eidfjord, Simadalen

Områda kartlagt for Granvin:

Øvre Granvin, Holven-Hausnes, Eide, Folkedal, Kvanndal, Hamre

I kartlagde område i kommunane Eidfjord, Ulvik og Granvin er snøskred og steinsprang dei skredtypane som i dei fleste områda utgjer størst fare for eksisterande busetnad. For nokre område utgjer også sørpe- og flaumskredfare fare for busetnad, og i mindre grad utgjer jordskred fare for busetnad.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ein faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

 

Rapport Eidfjord, Granvin og Ulvik: http://publikasjoner.nve.no/eksternrapport/2018/eksternrapport2018_05.pdf

 

Lenker til digitale faresoner:

Eidfjord: https://temakart.nve.no/link/?p=767c4b6a-d9ba-62ce-4ff8-a46fd5909477

Ulvik: https://temakart.nve.no/link/?p=55ad2ada-4051-2fbf-e2b1-f0f80c58ac80

Granvin: https://temakart.nve.no/link/?p=93eb187d-8669-eee7-0ab6-a1df2a7faab0

 

 

 

Kontaktpersonar

Brigt Samdal, Regionsjef, mobil: 907 48 238

Toralf Otnes, Senioringeniør, telefon, 22959527

Yngve Midtun, geolog, telefon, 229 59 532