Bremanger kommune får no betre og meir presise kart som gir oversikt over skredfare. Faresonekartet syner at det er steinsprang som er den skredtypen som i dei fleste tilfella utgjer fare for busetnad.

Faresonekart Bremanger Kilde: NVE Atlas

NVE overleverte kartet til kommunen tysdag 18. april. Kartet tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Dei kartlagde områda er Kalvåg, Bremangerbygda, Svarstad – Varpe, Berle, Hunskår, Skatestraumen, Kollset oppvekst, Davik, Ålfoten, Svelgen, Ytrehus, Sandvika, Nordbotnen og Sørbotnen.

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Bremanger. Faresonekartet syner at det ligg blant anna hus, sjukeheim og idrettshall innanfor 100-års faresona for skred, fortel Siss-May Edvardsen, sjefingeniør NVE.

Karta er enkle i bruk. Det er teikna ein felles faresone for dei aktuelle skredtypane, slik at kommunen berre treng å forholde seg til ein faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversikt over kva område som er skredutsatt.

– Med faresonekartet som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Edvardsen.

Grunnlaget for faresonekartet er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, klimaanalyse, tidlegare skredhendingar, synfaringar i felt og modellering av skreddynamikk. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytte dei i eigne verkty saman med andre kartdata.

Rapporten finn du her.

Faresonekartet kan du sjå i NVEs kartkatalog.