Publisert 22.10.2018

22. oktober: NVE opprettheld raudt farenivå for Veslemannen

Bevegelsane er noko reduserte, men framleis høge

- Hastigheita er no omlag 15 cm/døgn i øvre del av området, og 2-3 cm/døgn i nedre del av området, seier vakthavande geolog Ingrid Skrede.

Laurdagskveld heva NVE farenivået for Veslemannen til raudt, med bakgrunn i vêrvarsel om mykje regn, og at fjellpartiet er svært sensitivt for vasstilførsel.

Søndagsmorgon auka hastigheitene ved fjellpartiet som følgje av mykje regn.

- Utover ettermiddagen blei det kaldare og nedbøren har komme som snø sidan. Dette har ført til noko reduserte bevegelsar sidan det kjem mindre vatn til området, seier Skrede.

Dette gir også meir usikkerheit i måledata. Sidan det framleis er høge bevegelsar og noko usikkerheit i måledata opprettheld NVE raudt farenivå.

Veslemannen er ein relativt liten, men svært aktivt del av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Medan dei årlege bevegelsane i Mannen (utanom Veslemannen) er nokre få cm i året, har den mest aktive delen av Veslemannen bevegd seg over 4,7 meter den siste månaden. Veslemannen har et volum på 120 000 - 180 000 m3, noko som utgjer rundt éin prosent av det totale volumet av Mannen.

Her finn du dagsrapportar for Veslemannen.

Kontakt:

Vakthavende geolog: 474 55 454 (ikkje sms)
Pressetelefon: 489 97 667 (ikkje sms)