Publisert 20.12.2018

Revisjon av konsesjonsvilkår for Altevatnreguleringen i Barduvassdraget

NVE rår Olje- og energidepartementet til å innføre nye og meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for Altevatnreguleringen i Barduvassdraget i Troms.

NVE tilrår at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår med vilkår om naturforvaltning. NVE tilrår fleire tiltak som etter vår meining vil betre miljøforholda i Barduelva. Vi tilrår å sleppe minstevassføring frå Innsetdammen heile året (2 m3/s sommer og 0,5 m3/s vinter) og at det skal gå minimum 12 m3/s i Barduelva målt rett nedstrøms samløpet med utløp av Straumsmo kraftverk i perioden 1. mai – 30. oktober.

I perioden 1. november – 30. april tilrår vi at Straumsmo kraftverk vert kjørt på en slik måte at ein så langt som moleg hindrar isproblem i Barduelva.

NVE tilrår og at alle lastreduksjonar i Straumsmo kraftverk skal føregå over minimum 2 timar. Av omsyn til kraftforsyninga og systemdrifta i området har NVE ikkje funne rom for å tilrå restriksjonar for oppfylling av Altevatn.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om vilkårsrevisjonen her

Kontaktpersonar

Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 41 67 82 03

Seksjonssjef Carsten Jensen, tlf. 22 95 92 90