NVE gjev Solheimsdalen Kraft AS løyve til bygging av Solheimsdalen kraftverk i Tysnes kommune i Hordaland. Kraftverket vil produsere om lag 7,9 GWh i eit middels år. Dette svarar til strambruken til om lag 400 husstandar.

Solheimsdalen kraftverk vil nytte eit fall på 154 meter i Brekkeelva (Singelstadelva) mellom inntak 283 m.o.h., nedanfor Gjermevatnet, og kraftstasjon 130 m.o.h., rett ovanfor utløp i Singelstadvatnet. Vassvegen vil bli nedgraven på heile strekninga.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Solheimsdalen kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med små og avgrensa miljøeffektar. Det vil vere nokre ulemper for naturmangfaldet langs elva, og Brekkefossen vil få merkbart mindre vassføring i store deler av året. Det same gjeld strekket der elva følger skogsvegen opp til lysløypeanlegget og vidare opp i fjellet. Med slepp av minstevassføring vil desse ulempene etter vårt syn vere akseptable.

Med god planlegging for anlegget og gjennomføring av bygginga, meiner NVE at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser. Vi gjev difor løyve til Solheimsdalen kraftverk på nærare fastsette vilkår.

 

Les meir om Solheimsdalen kraftverk