Publisert 23.06.2020

Løyve til ny 132 kV kraftleidning Finnfjordbotn–Silsand

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve Troms Kraft Nett AS løyve til å bygge ein ny 132 kV kraftleidning til erstatning for dagens 66 kV leidning mellom Finnfjordbotn og Silsand transformatorstasjonar i Senja kommune, Troms og Finnmark fylke.

Oversikt over tiltaket det er søkt om. Illustrasjon: Troms Kraft Nett

Kraftleidningen Troms Kraft Nett har fått løyve til å bygge er 8,2 km lang. NVE har frå Finnfjordbotn transformatorstasjon til Botn gjeve løyve til ein 1,8 km lang jordkabel. Videre er det gjeve løyve til ein 4,2 km lang luftleidning til Skipvika, og ein sjøkabel vidare over Gisundet til Silsand transformatorstasjon. 

Den eksisterande 66 kV-leidningen på same strekning skal fjernast. Med unntak av strekningen mellom Finnfjordbotn og Gøllåslåtten skal den nye leidningen etablerast parallelt med, og på sørsida av, dagens 66 kV-leidning. Denne skal rivast når ny kraftleidning er i drift.

Førebudde for auka forbruk 

Grunngjevinga for vedtaket er at dagens kraftleidning er gamal, og nær si tekniske levetid. Det er difor nødvendig å fornya denne. Det har også vore ein auke i forbruk i området, spesielt i næringsutvikling. Denne auka er forventa å fortsette, og det er difor behov for å auke overføringskapasiteten i området.

NVE vurderer at nytten av tiltaka er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer derfor løyve til tiltaka.

Vil du vita meir?

Les meir om sakaneNVEs nettstad.

Kontaktpersonar

Seksjonssjef Lisa Vedeld Hammer,                            tlf: 22 95 90 33

Sakshandsamar Anette Ødegård,                              tlf: 22 95 92 69