Publisert 05.03.2020

Løyve til Mjåsund settefiskanlegg i Gulen kommune

NVE gjev Firda Seafood Group AS løyve til å regulere og ta ut vatn frå Mjømnevatnet og Randalsvatnet i Gulen kommune. Vatnet skal nyttast i Mjåsund settefiskanlegg. NVE har sett krav om minstevassføring heile året av omsyn til mellom anna sjøaure.

Firda Seafood Group AS skal bygge eit nytt settefiskanlegg i Mjåsund. Ved hjelp av resirkuleringsteknologi skal dei produsere 6000 tonn/6 millionar laks årlig. For å skaffe vatn til anlegget har Firda Seafood Group AS søkt om å regulere to vatn.

NVE har gjeve løyve til å regulere Mjømnevatnet 2,5 m og Randalsvatnet 0,5 m. Vatn frå Randalsvatnet skal overførast til Mjømnevatnet med sjøleidning. Det er gjeve løyve til eit maksimalt vassuttak på 200 l/s og eit gjennomsnittleg vassuttak på 50 l/s.

NVE har sett krav om minstevassføring heile året av omsyn til mellom anna sjøaure i vassdraga. Det skal sleppast minstevassføring på høvesvis 25 l/s og 10 l/s frå Randalsvatnet og Mjømnevatnet. Etter NVEs meining vil reguleringa og vassuttaket ha små konsekvensar for allmenne interesser.

Meir informasjon om saka finn du på våre nettsider.

Kontaktpersonar

Gry Berg (seksjonssjef): gbe@nve.no

Silje Aakre Solheim (saksbehandlar): saas@nve.no