Publisert 16.03.2020

Løyve til å byggje ny 132 kV-kraftleidning mellom Kulia og Kristiansand

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Agder Energi Nett AS løyve til å byggje ein ny kraftleidning mellom Kulia og Kristiansand. Dei eksisterande leidningane er gamle, og det er naudsynt å gjere tiltak for å sikre straumforsyninga.

Tiltaket inneber bygging av om lag 9,6 km ny kraftleidning og riving av ca. 45,6 km eksisterande kraftleidning.

Nærmar seg si tekniske levetid

Bakgrunnen for vedtaket er at dei eksisterande leidningane mellom Kulia og Hallandsbru, og Kulia og Bjelland er gamle og nærmar seg si tekniske levetid. NVE meiner det er naudsynt å gjere tiltak for å sikre straumforsyninga. Dei eksisterande leidningane skal rivast etter at den nye leidninga er bygd.

Ekspropriasjonsløyve

NVE gir samstundes Agder Energi Nett AS ekspropriasjonsløyve for å krevje naudsynte grunn og rett for bygging og drift av dei nye tilknytingsleidningane.

NVE sett krav om at Agder Energi Nett AS skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan før arbeida kan starte.

Les her om 132 kV leidning Kula–Kristiansand transformatorstasjonane

Kontaktinformasjon

Seksjonssjef Lisa Vedeld Hammer, tlf.: 22 95 90 33

Førstekonsulent Martine Hamnes, tlf.: 22 95 90 56