Publisert 03.02.2023

Folkemøte om ny kraftleidning i Karmøy kommune

Fagne har søkt om å byggje, eige og drive ein ny 132 kV kraftleidning frå Bø til Meland i Karmøy kommune. Noregs vassdrag- og energidirektorat har sendt søknaden på høyring, og held folkemøte om saka den 7. februar.

Foto: Bjørn Lytskjold/NVE

Den planlagde 132 kV kraftleidninga frå Bø til Meland er om lag 5 km lang. Det eksisterande kraftnettet på Karmøy er ikkje dimensjonert for dagens behov og forventa vekst. Fagne ynskjer difor å heve overføringskapasiteten på dagens regionale nett på Karmøy

Den nye kraftleidninga vil i all hovudsak følgje eksisterande trasé. Fagne føreslår å avvike delvis frå dagens trasé for å unngå nærføring med enkelte bustader og planlagt utviding av næringsområde ved Nygård. Dei søkjer og om å rive dagens 66 kV kraftleidning, samt å erstatte tremaster med nye rundstålmaster.

Høyring og offentleg møte

NVE inviterer alle interesserte til offentleg møte tysdag 07. februar, kl. 19.00 på Park Inn Radisson, Avaldsnes. På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga, medan Fagne vil orientere om prosjektet. Alle er velkomne til møtet, og det vil bli anledning til å stille spørsmål om saka både til NVE og Fagne.

NVE har sendt saka på offentleg høyring, og alle som har meiningar om saka kan gi sitt høyringssvar innan 24. februar 2023. Sjå meir informasjon på NVE sine nettsider

Kontakt

Inger Anette Sandvand Dahlen, seniorrådgjevar
tlf. 22 95 92 82