Ny 132 kV dobbelkursleidning Bø–Meland

Tiltakshaver
FAGNE AS
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202203776
Status
Søknad
Dato
28.02.2024
Fylke
Rogaland
Kommune
Karmøy

NVE har motteke tilleggsutgreiing for konsesjonssøknad fra Fagne om ein ny 132 kV dobbelkurs kraftledning frå Bø til Meland i Karmøy kommune, Rogaland fylke.


Fagne søkjer om å byggje, eige og drive ein om lag 5 km lang ny 132 kV kraftleidning fra Bø transformatorstasjon til Meland. Det er søkt om ein hovedutrasé, med totalt tre undertrasear. Fagne søkjer også om å rive dagens 66 kV kraftleidning, samt å erstatte dagens tremaster med nye rundstålmaster. Fagne grunngjev søknaden med at eksisterande 66 kV nett er dimensjonert for svakt for dagens behov og forventa vekst. Det er difor naudsynt å heve overføringskapasiteten i dagens regional nett på Karmøy ifølge Fagne.

Etter høyring av saka vinteren 2023 såg NVE behov for tilleggsopplysningar før vi kunne behandle søknaden frå Fagne. Fagne sendte den 28. februar 2024 over tilleggsutgreiing for ny 132 kV kraftledning Bø-Meland, med nye vurderingar for bl.a. tema som kultuminner, naturmangfald osv. NVE klargjer saka for ny høyring.