NVEs årsrapport 2024: Meir effektiv konsesjonsbehandling og mykje vêr
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har lagt fram årsrapporten for 2024. Rapporten viser eit år prega av både ekstremvêr, og høg aktivitet innan konsesjonsbehandling.
– Vi har hatt høg aktivitet på fleire frontar i 2024. Beredskap mot naturfare og meir effektiv konsesjonsbehandling har vore sentrale satsingar, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.
Har auka kapasiteten til å behandle konsesjonssøknader
I 2024 behandla NVE eit rekordhøgt tal konsesjonssøknader. Totalt vart detaljplanar for 156 vasskraftanlegg godkjende – både nye prosjekt, opprusting, utvidingar og damrehabiliteringar. Samstundes har alle småkraftverk med samla produksjon på om lag 0,5 TWh fått løyve til bygging.
Digitalisering har stått sentralt i utviklinga. Gjennom etableringa av digitale verktøy som Plannett, Nettkart og ei ny løysing for digitale søknader om nettkonsesjon, har NVE lagt grunnlaget for meir effektiv og transparent behandling av søknader. Dette gir betre oversikt for både utbyggjarar, kommunar og andre aktørar i kraftsystemet.
– Vi er no betre rusta til å handtere det store trykket av søknader vi ser framover, og digitaliseringa vil styrkje effektiviteten ytterlegare, seier Lund.
Påminning om viktigheita av beredskap mot flaum og skred
Ekstremvêret Jakob førte med seg store nedbørsmengder til Vestlandet i oktober, med over 60 jord- og flaumskredhendingar, stengde vegar og evakueringar i fleire kommunar. Tidleg varsling frå Meteorologisk institutt og NVE gav kommunar og beredskapsaktørar verdifull tid til å førebu seg og redusere skadane.
– Også i 2024 opplevde vi mykje vêr, og uvêret Jakob vart ei kraftig påminning om kor viktig varsling og førebygging er, seier Kjetil Lund.
Flaumvollen i Bismo i Skjåk kommune, som er eit av dei store sikringstiltaka NVE har jobba med dei siste åra, vart ferdigstilt i 2024. Prosjektet vart set i gang etter flaumen i 2018, og skal no verne lokalsamfunnet mot nye ekstremhendingar.
Reguleringsmyndigheita for energi (RME), ei uavhengig eining i NVE, har laga eigen årsrapport som er vedlagd i NVEs rapport.
Kontakt
NVEs pressevakt
Tel 48 99 76 67