Publisert 15.05.2024 , sist oppdatert 23.10.2024

2024: Planprogram

Forprosjektet inkluderer utarbeiing av ein reguleringsplan for aktuelle dreneringskonsept ved det ustabile fjellpartiet. 
Høyringsperioden for planprogrammet var avslutta 27. juni 2024, og eit oppdatert planprogram etter innspel er oversendt til Stranda kommune. 

Reguleringsplanen utløyser krav om planprogram og konsekvensutredning i henhold til Forskrift om konsekvensutredningar. Første steg i arbeidet er difor å utarbeide eit planprogram (utredningsprogram) og legge dette ut på høyring samtidig med at det vert varsla om oppstart av reguleringsplanarbeid i henhold til plan- og bygningslova §12-8. 

Planprogrammet låg ute for offentleg ettersyn frå 16. mai 2024 til 27.  juni 2024. Planprogrammet og meir informasjon om dette finn du ved å klikke her

Ved varsel om oppstart og høyring av planprogram kan ein kome med opplysningar og innspel som er viktige å kjenne til i forbindelse med utarbeiding av konsekvensutredning og sjølve planforslaget.

Når det er laga eit planforslag vil dette verte lagt ut på høyring, og ein kan då kome med innspel til det konkrete forslaget. Dette vert forventa gjennomført i løpet av 2025.