Skred i kvikkleireområder har fleire gonger teke liv og eigendom og potensielle kvikkleireskred utgjer ein stor skaderisiko i mange områder i Noreg.

Kvikkleireområder med potensiell skredfare blir kartlagt på regionalt nivå og pr. 2016 fins det over 1800 kartlagde kvikkleiresoner. Desse sonene er klassifisert med faregrad, konsekvensklasse og risikoklasse. Ved utbygging i ei sone eller for å vurdere behov for sikring av eksisterande bygningar, vert sona detaljutgreia for å finne stabiliteten av skråningane.

Ved all ny utbygging i områder der det kan vera fare for kvikkleireskred må kommunane vera sikre på at krava til tilfredstillande tryggleik kan nåast. Dette gjeld både i og utanfor kartlagde kvikkleiresoner. NVE har gjeve ut retningslinjer for flaum- og skredfare i arealplanar og har i samarbeid med den geotekniske bransjen utvikla Kvikkleireveilederen (NVE-vegleiar 7/2014: Sikkerhet mot kvikkleireskred. Vurdering av områdestabilitet ved arealplanlegging og utbygging i områder med kvikkleire og andre jordarter med sprøbruddegenskaper).  

Regional kartlegging

Etter det store kvikkleireskredet på Rissa, Sør-Trøndelag i 1978 vart det vedteke å byrje å kartlegge områder med potensiell fare for store kvikkleireskred (over 10 dekar areal). Dette er ei grov kartlegging basert på få grunnboringar og terrengkriterium (høgde >10 m og helling større enn 1:15).

Kartlegginga av kvikkleiresonene er primært utført i Søraust-Noreg og Trøndelag, kvar det er store førekomstar av marine avsetningar og dermed potensiale for kvikkleire. Sidan 2004 har det òg vorte kartlagt kvikkleiresoner på Nordvestlandet og i Nord-Noreg. I 2015 vart kartlegging på Sørlandet starta opp. Den fyrste kartlegginga vart utført på kartblad, men i seinare år er det kartlagd kommunevis eller i utbygde område.

I 2001 sette NVE i gang «Program for økt sikkerhet mot leirskred» i samarbeid med NGI, NGU og aktuelle kommunar. Programmet klassifiserte alle dei kartlagde sonene med ein faregrad og ei konsekvensklasse og produktet av desse; risikoklasse. Klassifiseringa gjer det mogleg å prioritere kva soner som bør sikrast, samt å differensiere krav til utredning og stabilitet ved utbygging i ei sone. Metoden er beskrevet i NGI rapport  20001008-2 rev. 3 : "Program for økt sikkerhet mot leirskred. Metode for kartlegging og klassifisering av faresoner, kvikkleire". Kvikkleiresoner i risikoklasse 4 og 5 og med høg faregrad har vore prioritert for vidare soneutgreiing, stabilitetsberekning og eventuelle sikringstiltak for å bøte på låg stabilitet. NVE hjelper kommunane i dette arbeidet og i planlegging og gjennomføring av sikringstiltak.

Resultata frå kartlegginga og klassifiseringa presenterast i form av kommunevise rapportar og er også å finna gjennom http://gis3.nve.no/link/?link=kvikkleire

 

Utanfor kartlagde kvikkleiresoner

Det fins også kvikkleire utanom dei registrerte kvikkleiresonene, sidan sonene er basert på terrengkriterier og område av ein viss storleik.

Hovudfokus til kartlegginga fram til 2000-talet var å identifisere store kvikkleiresoner langs vassdrag, da erosjon er ei av årsakene til at skred vert utløyst. I dei områda er det ikkje gjort vurdering av strandsoneområda eller kvikkleirelommer mindre enn 10 dekar.

I områder utanom kvikkleiresonene eller kommunar som ikkje er kartlagd kan ein nytta marin grense som aktsemdsområde for kvikkleireskred. Kvikkleire kan berre finnast under marin grense, sidan det er der ein finn leire avsett i sjøvatn. Vidare kan ein nytta NGUs lausmassekart eller «Mulighet for marin leire» for å snevre inn kva område som kan ha kvikkleire i grunnen.

Er det ynskjeleg å kartlegge meir i detalj kva områder som er utsett for kvikkleireskredfare fins det ei skildring av framgangsmåten i Kvikkleireveilederen (NVE-veileder 7/2014).

Soneutgreiing

Ved utbygging i kvikkleiresoner eller områder med kvikkleire som ikkje tidlegare er kartlagt, må det gjerast ei utgreiing av sona. Soneutgreiinga gjerast i samsvar med Kvikkleireveilederen (NVE-veileder 7/2014) .

Nivået på utgreiinga avheng av kva som skal byggast (tiltakskategori). For mindre byggverk som ikkje forverrar stabiliteten og utan personopphald kan Veiledning ved små inngrep i kvikkleiresoner nyttast. For andre tiltak skildrar Kvikkleireveilederen korleis geotekniske fagkyndige må gå fram for å oppnå krava til tryggleik i TEK 10 §7-3.

Ved tilflytting av personar må det gjerast ei fullstendig utgreiing av sona. Både for eksisterande kvikkleiresoner og for områder som ikkje er kartlagt må det fyrst gjerast geotekniske undersøkingar for å kartlegge utstrekninga av kvikkleira. Sonegrensene teiknast ut frå dette og topografiske avgrensingar, slik at ei sone syner det maksimale området eit skred kan bre seg. Utløpsområdet til eit eventuelt skred må også skisserast og det må gjerast ei ny klassifisering av sona.

Vidare skal det bereknast stabilitet i kritiske profil for å finne ein tryggleiksfaktor. Viss ikkje denne tryggleiksfaktoren oppfyller krava i TEK10 så må det gjerast tiltak for å forbetre denne. Forbetrande tiltak kan vera motfylling i foten av skråninga, avlastning i toppen, grunnforsterking eller bruk av lette masser.

 

Meir om kvikkleireskred Regelverk og rettleiingar

                                                                                

Utanfor faresoner

Det kan også finnast kvikkleire utanom dei kartlagde kvikkleiresonene.

Kvikkleirelommer som er mindre enn 10 dekar er ikkje inkludert i kartlegginga. 

    

Innmelding av kvikkleiresoner

Det fins rapportar som viser kvikkleire frå andre aktørar som ikkje er sendt inn til NVE.

NVE oppfordrar alle aktørar til å rapportere inn nye og reviderte kvikkleiresoner til NVE for oppdatering av kvikkleirekarta.