Veileder for sikringstiltak ved vassdragsanlegg
Rettleiar til § 7-6 i damsikkerhetsforskrifta, publisert juni 2015
I forskrift om sikkerhet ved vassdragsanlegg (damsikkerheitsforskrifta) § 7-6 er det eit krav at det for alle vassdragsanlegg skal etablerast og haldast i stand hensiktsmessige sikringstiltak med omsyn på allmenn bruk og ferdsel. For å avdekke og lokalisere farepotensial skal det utførast ein analyse i forhold til ferdsel og bruksmønster. Resultata frå analysen skal ende opp med forslag til sikringstiltak.
NVE har ansvar for å rettleie og føre tilsyn for å sikre at verksemdene rettar seg etter krava i blant anna damsikkerheitsforskrifta. Denne rettleiaren skal vere ei hjelp til dei som eig, driv eller arbeider med vassdragsanlegg, med omsyn på 3. person.
Rettleiaren gir ei innføring i kva det er viktig å ta omsyn til, og viser eksempel på løysingar for å handtere sikkerheita ved vassdragsanlegg. Formålet med rettleiaren er å bidra til å førebygge ulykker.
Spørsmål, kommentarar, o.l. kan rettast til NVE sin kontaktperson, sjå kontaktinformasjon i høgre kolonne.