Publisert 19.01.2009 , sist oppdatert 14.11.2023

Kraftsystemdata

NVE forvaltar fleire typar data som beskriv tekniske, administrative og geografiske sider ved norsk el-forsyning. Dei data som ikkje er unnateke offentlegheit etter Off. lova §13 prøver vi å gjere mest mogeleg tilgjenge for etatar og andre med tenestelege behov. 

Kart

Alle liner, kablar og transformatorstasjonar som fins i Netbas er digitalisert, dvs. geografisk stadfesta (i hovudsak frå kart i målestokk 1:50 000, men også noko frå 1:5000 og noko er nøyaktig koordinatbestemt). I 1996 vart det første gong laga eit nasjonalt leidningsatlas. Karta vart oppdaterte i januar 2007 men da med inndeling i 7 landsdeler og detaljkart for større byområder. Siste oppdatering var i august 2020. Karta er tilgjengelege for e-verk og andre med tenestlege behov.

NVE arbeider hausten 2023 med eit nytt prosjekt for å samle inn kartdata på ein meir effektiv måte. Resultatet av dette er nettsida NettKart.nve.no. Her kan netteigarar sjølv lasta opp datasett av sitt nett. Nettsida vert åpna 8. desember 2023. 

I tillegg har NVE digitalisert alle grenser mellom e-verk, og held oversikt over kva slags løyve det enkelte e-verk har (områdekonsesjon). NVE har laga eit landskart der alle Områdekonsesjonar teikna inn.

Kart over nettanlegg og områdekonsesjonar

Kontaktperson