Briksdalsbreen
I 2011 mista nedre bretunge kontakten med resten av breen, slik at breen brått vart omlag 350 meter kortare. Frå 2012 vert frontposisjonendring målt til øvre brefront.
____________
Frontposisjonendringar har vore målt på Briksdalsbreen sidan 1900 (Rekstad 1902; 1904). Då stod brefronten omlag der elva gjer ein sving nede til venstre på biletet over. Mellom 1932 og 1951 trakk breen seg tilbake meir enn 800 meter slik at Briksdalsvatnet kom fram, og brefronten stod nesten ute av vatnet.
Briksdalsbreen har hatt fleire framstøyt og periodar med tilbakegang (Andreassen et al., 2005). I løpet av det siste framstøytet mellom 1987 og 1997 vart vatnet på nytt heilt dekt av breen. Etter 1999 trakk breen seg raskt tilbake slik at Briksdalsvatnet i 2008 var heilt brefritt.
Ideelt sett skal summen av årlege frontposisjonendringar tilsvare avstanden mellom kartlagde brefrontposisjonar, og samla frontposisjonendring skal vere den same i år når brefronten står i same posisjon. Både målemetoden i seg sjølv og forskjell i dato mellom fotografering (oftast om sommaren) og frontposisjonmåling (oftast om hausten) tilseier at tala for frontposisjonendringane ikkje vert heilt like. Men for Briksdalsbreen hadde forskjellen vorte altfor stor. Derfor vart dei årlege frontposisjonendringane revidert i 2006. Les meir om dette arbeidet i kapittel 13.2 i brerapporten for 2006, og last ned ein tabell med reviderte tal.
__________________
Briksdalsbreen – reviderte frontposisjonmålingar 1900-2006
Summen av årlege frontposisjonendringar skal tilsvare avstanden mellom kartlagde brefrontposisjonar, og samla frontposisjonendring skal vere den same i år når brefronten står i same posisjon. Både målemetoden i seg sjølv og forskjell i dato mellom kartleggingar / fotograferingar (oftast om sommaren) og frontposisjonmåling (oftast om hausten) tilseier at tala for frontposisjonendringane ikkje vert heilt like. Men for Briksdalsbreen har forskjellen vore altfor stor. Derfor vart dei årlege frontposisjonendringane revidert. Les meir om dette arbeidet i kapittel 13.2 i rapporten for 2006. Den reviderte serien kan lastas ned frå NVE sin portal "Klimaprodukter Bre". Dei reviderte tala er rapportert til WGMS.