Publisert 10.11.2011 , sist oppdatert 15.06.2021

2011 - tilbakesmeltinga held fram

Tilbakesmeltinga til brefrontane held fram også i år. Målingar viser at av 33 brear i Noreg har 28 brear trekt seg tilbake, fire brear er uendra, medan ein bre gjekk fram. Den største tilbakegangen hadde Bødalsbreen i Stryn med 67 meter, Brenndalsbreen i Stryn med 60 meter og Storsteinsfjellbreen ved Narvik med 49 meter.

 

"

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tilbakegangen i 2011 er omlag like stor som i 2009 og 2010 men mindre enn i 2006 og 2007. Gjennomsnittleg tilbakegang for 23 brear i perioden frå 2001 til 2011 er 194 meter. Tilbakegangen utgjer 3,2 % av lengda til desse breane. Desse 23 breane utgjer 11 prosent av brearealet i Noreg.

Større tilbakegang i perioden 1930-60
Dei fleste breane i Noreg er no mindre enn dei har vore på fleire hundre år. Ved ein del brear dukkar det opp vatn ved brefronten, og ved andre brear  misser bretunga kontakten med resten av breen.  Tilbakegangen vi ser no kan samanliknast med, men er mindre enn tilbakegangen mange brear hadde i løpet av 20-30 år etter 1930. Den gongen var imidlertid breane i utgangspunktet mykje større enn breane var rundt år 2000 ved starten av den siste tilbakegangen.

  1935-55 2001-11
Jotunheimen - 6 brear 15 m/år 8 m/år
Jostedalsbreen, Svartisen og Folgefonna - 12 brear 43 m/år 29 m/år

 

I Sør-Noreg er 27 brear målt i 2011. Rundt Jostedalsbreen har åtte  av ti målte brear trekt seg tilbake. Bødalsbreen og Brenndalsbreen i Stryn gjekk mest tilbake med høvesvis 67 og 60 meter. Ved Bøyabreen i Fjærland viste målingane ein framgang på 30 meter, men dette skuldast variasjonar i kvar dei store israsa endar opp. Briksdalsbreen trakk seg tilbake 20 meter, men der er no nedre del av bretunga avsnørt frå resten av breen.

Rundt Folgefonna har alle dei fem målte breane hatt tilbakegang. Gråfjellsbrea i  Kvinherad vart ikkje målt i 2010 og har gått tilbake 42 m sidan 2009.  Sidan 2002 har breen gått tilbake 270 meter. Buerbreen i Odda smelta tilbake 26 meter i 2011, og 281 meter sidan 1998. Bondhusbrea har smelta tilbake 330 meter sidan 1996.

Ved Hardangerjøkulen viser målingane at Rembesdalsskåka i Eidfjord har smelta tilbake 6  meter. Breen har gått tilbake 349 meter sidan det siste breframstøytet stoppa i 1997. Midtdalsbreen ved Finse i Ulvik gjekk tilbake 11 meter. Breen har gått tilbake 154 meter sidan 2001.

I Jotunheimen har dei sju målte breane smelta tilbake mellom 5 og 25 meter. I løpet av dei siste ti åra har seks av breane vorte50 til 100 meter kortare. Hellstugubreen og Storbreen har vore målt samanhengande sidan 1901 og 1902, og har trekt seg tilbake omlag 1100 meter i denne perioden.

I Møre og Romsdal  har Trollkyrkjebreen i Norddal trekt seg tilbake 8 meter. Til samanlikning er tilbakegangen sidan 1993 omlag 170 meter.

I Nord-Noreg er åtte brear målt. Storsteinsfjellbreen ved Narvik har trekt seg tilbake 49 meter i år. Tilbakegangen sia 1993 er omlag 200 meter. Austre Okstindbreen i indre Helgeland har trekt seg tilbake 40 meter. Engabreen, ein utløpar frå Svartisen har smelta tilbake 20 meter det siste året, og 286 meter tilbake sidan 1999 då det siste breframstøytet stoppa opp. I Lyngen var det liten endring ved dei tre breane som vert målt der. Ein austleg utløpar av Langfjordjøkelen i Loppa i Vest-Finnmark smelta tilbake 10 meter. Breen har trekt seg tilbake 321 meter i løpet av dei siste ti åra.