2009 - breane trekkjer seg tilbake
Det er gjort målingar på 27 isbrear i 2009. Tilbakegangen til brefrontane held fram også i år. Resultat frå 27 brear viser at 22 brear har trekt seg tilbake, tre brear var uendra, medan to brear gikk litt fram. Dei målte breane utgjer 14 % av brearealet i Noreg. På 1990-talet var dei norske breane unntaket i verdssamanheng, men utviklinga for breane er no i stor grad i samsvar med utviklinga i resten av verda.
Rundt Jostedalsbreen har sju av elleve brear trekt seg tilbake meir enn 20 meter. Kjenndalsbreen og Bødalsbreen i Stryn og Fåbergstølsbreen i Luster gikk mest tilbake med hhv. 93, 52 og 59 meter. Kjenndalsbreen har no trekt seg tilbake nesten 600 meter sidan 2000.
Rundt Folgefonna har tre av fem målte brear hatt tilbakegang. Bondhusbrea i Kvinherad gikk tilbake 10 meter og har trekt seg tilbake 300 meter sidan 1996 då det siste breframstøytet stoppa opp. Buerbreen i Odda viste ein tilbakegang på fem meter. Brefronten ser ut til å ha stabilisert seg i området der brefronten låg i perioden 1960-80. Breen har smelta tilbake 227 meter sidan 1998. Gråfjellsbrea i Kvinherad smelta tilbake 19 meter og har trekt seg tilbake 228 meter sidan målingane der starta i 2002. Eit vatn som har smelta fram av breen sidan 1950-talet har vorte nesten 900 meter langt. Ved Hardangerjøkulen viser målingane at Rembesdalsskåka i Eidfjord har smelta tilbake ti meter. Breen har gått tilbake 327 meter sidan 1997. Målingane ved Midtdalsbreen ved Finse i Ulvik viste ein framgang på seks meter, men dette er truleg ein tilpassing etter stor tilbakegang i 2007 og 2008. Breen har gått tilbake 109 meter sidan 2001.
I Jotunheimen er dei årlege endringane normalt små. Fire målte brear smelta tilbake mellom 5 og 10 meter. Hellstugubrean og Storbrean har vore målt samanhengande sidan 1901 og 1902, og har trekt seg tilbake nesten 1100 meter i denne perioden.
Engabreen, ein utløpar frå Svartisen i Meløy har smelta tilbake åtte meter det siste året, og 255 meter tilbake sidan 1999. Tre brear i Lyngen har smelta tilbake 10 til 20 meter. To av breane har trekt seg tilbake omlag 200 meter sidan målingane starta i 1998. Ein austleg utløpar av Langfjordjøkelen i Loppa i Vest-Finnmark smelta tilbake 53 meter. Breen har trekt seg tilbake 372 meter sidan 1998 og heile 1166 meter sidan 1965.