Publisert 13.02.2009 , sist oppdatert 15.06.2021

2008 - breane fortset å smelte tilbake

NVE har gjort målingar på 32 isbrear. Tilbakegangen til brefrontane held fram også i år men er mindre enn i 2007 i alle breområda.

På 1990-talet var dei norske breane unntaket i verdssamanheng, medan utviklinga for breane no i stor grad samsvarer med utviklinga i resten av verda.
Resultat frå 32 brear viser at 22 brear har trekt seg tilbake, seks brear var uendra, medan fire brear  gikk fram. Dei målte breane omfattar om lag 18 prosent av brearealet i Noreg.

Rundt Jostedalsbreen har fem av elleve brear trekt seg tilbake meir enn 20 meter. Brenndalsbreen i Stryn og Fåbergstølsbreen i Luster gikk mest tilbake med henholdsvis 56 og 60 meter. Brenndalsbreen har no trekt seg tilbake nesten 450 meter sidan 2000. Briksdalsbreen i Stryn har trekt seg tilbake 12 meter siste året og totalt 430 meter sidan 1999 slik at heile Briksdalsvatnet no er isfritt.

Rundt Folgefonna har tre av seks brear hatt tilbakegang. Bondhusbrea i Kvinherad gikk tilbake 50 meter og har trekt seg tilbake 290 meter sidan 1996. Målingane ved Buerbreen i Odda viste ein framgang på tre meter, men dette er truleg ein tilpassing etter stor tilbakegang i 2007. Begge dei målte brearmane frå Hardangerjøkulen gikk tilbake over 30 meter. Rembesdalsskåka i Eidfjord har gått tilbake 317 meter sidan 1997, medan Midtdalsbreen ved Finse i Ulvik har gått tilbake 115 meter sidan 2001.

I Jotunheimen er dei årlege endringane normalt små. To av fem målte brear viste tydeleg tilbakegang sidan 2007, medan målingane ved Styggedalsbreen i Hurrungane i Vest-Jotunheimen viste ein framgang som truleg er ein tilpassing etter relativt stor endring i 2007. Sidan 2002 har dei målte breane trekt seg tilbake 20 til 50 meter.

I Nordland har Engabreen, ein utløpar frå Svartisen i Meløy gått tilbake 29 meter det siste året, og 247 meter tilbake sidan 1999. I Okstindane i Hemnes har Corneliussenbreen gått litt tilbake siste år, men om lag 180 meter tilbake sidan årtusenskiftet. Austre Okstindbreen har endra seg lite dei to siste åra, men heile brefronten står no i Bretjørna, så tilbakegangen kan auke i åra framover. Storsteinsfjellbreen i Narvik har gått tilbake 9 meter det siste året.

I Lyngen og Vest-Finnmark vert fire brear målt og alle har gått tilbake i år. Sidan 1998 har tre av breane trekt seg tilbake 170, 200 og 320 meter.