Publisert 05.06.2024

Avbrotstatistikken 2023

I 2023 var leveringspålitelegheita på 99,974 prosent. Det vil seie at 0,026 prosent av den elektriske energien ikkje nådde fram til straumkunden på grunn av feil eller utkoplingar. Det viser avbrotstatistikken frå Reguleringsmyndigheita for energi i NVE (RME).

Levert og ikkje-levert energi

Samla levert energi til sluttbrukarane var omtrent 120,27 TWh. Det inkluderer forbruk som kan koplast ut, men ikkje overføringstap i nettet. Dette er ein nedgang på omtrent 1 TWh frå 2022.

Ikkje-levert energi (ILE) er den mengda energi som hadde blitt levert til sluttbrukarar dersom avbrot ikkje hadde hendt. I 2023 var mengda ikkje-levert energi 31,15 GWh, som er ein auke på 18,13 GWh frå 2022. Dette kjem hovudsakleg av utfall hos Svabo Industrinett som vart forårsaka av ein brann. Dette førte til redusert forsyning til Mo Industripark, og bidrog til rundt 61 prosent av total mengde ikkje-levert energi for heile landet. Utan hendinga hos Svabo Industrinett hadde mengda ikkje-levert energi vore 11, 92 GWh.

Hendinga hos Svabo Industrinett påverka også total KILE for 2023. I 2023 var total KILE på 749,7 MNOK. Dette er ein auke på 103 MNOK frå 2022. Svabo Industrinett hadde ein total KILE på 96,6 MNOK.

Leveringspålitelegheita blir påverka av ulike faktorar

Leveringspålitelegheita blir ofte påverka av til dømes kraftig uvêr eller snøvêr. Slike uvêr kan påverka leveringspålitelegheita nasjonalt. Det ser vi mellom anna i perioden mellom 2011 og 2015. Det var få slike store hendingar i kraftsystemet i 2023. Likevel ser me at hendinga hos Svabo Industrinett påverka leveringspålitelegheita nasjonalt. I 2023 enda leveringspålitelegheita på 99,974 prosent, som er under gjennomsnittet for perioden 2002-2023.  

Eit utval nasjonale nøkkeltal

Straumkundane opplevde i gjennomsnitt 1,50 langvarige straumbrot i 2023. Eit langvarig avbrot varar i over 3 minuttar. Når det først oppstår eit straumbrot hos ein straumkunde tek det ofte over tre minutt å retta denne feilen ettersom nettselskapet i mange tilfelle manuelt må ut og retta feilen.

Nettselskapa brukte i gjennomsnitt 1 time og 11 minutt på å få straumen tilbake til straumkundane etter eit langvarig avbrot.

Dei som opplevde minst eitt langvarig straumbrot, var i gjennomsnitt utan straum i totalt 3 timar og 26 minutt og opplevde 2,92 avbrot.

Straumkundane opplevde i gjennomsnitt 1,35 kortvarige straumbrot i 2023.

 

Kontaktpersonar

Marit Serianna Hjerpseth, avdelingsingeniør
e-post: mssh@nve.no

Torfinn Stulen Jonassen, seksjonssjef
e-post tjo@nve.no

Fakta om KILE-ordninga

Kvalitetsjusterte inntektsrammer ved ikkje-levert energi (KILE)

KILE-ordninga er ei incentivregulering som gir nettselskapa økonomisk motivasjon til rett ressursallokering innanfor dei rammene og vilkåra som myndigheitene elles har sett. KILE-ordninga er ikkje ei kompensasjonsordning for sluttbrukarar, men gir nettselskapa incentiv til å byggje, drive og utvikle nettet med ei samfunnsøkonomisk optimal leveringspålitelegheit.