Publisert 26.02.2020 , sist oppdatert 15.10.2021

Idun Nessestrand Vefring

Som somarvikar fikk Idun praktisk arbeidserfaring, som vart ei stor fordel vidare i masterstudiane i kvartærgeologi. 

Idun på fagtur til Åkerneset i Stranda kommune.

Namn: Idun Nessestrand Vefring
Stilling: Avdelingsingeniør på skred- og vassdragsavdelinga i Region vest. Jobbar med planlegging av sikringstiltak mot flaum- og skred
Utdanning: Mastergrad i kvartærgeologi frå Universitetet i Bergen, 2016
Sommarjobb praksis i NVE: 2014, 2015 og 2016

Kva arbeida du med sommarvikar i NVE?
I 2014 reiste eg rundt i Region vest og registrerte ei rekke parameterar for tidlegare skredhendingar, som eit ledd i arbeidet med ei skredhendingsdatabase. Året etter jobba eg med å samanstille ein rapport med all tilgjengeleg informasjon knytt til ei stor flaumhending i Region vest i 2014, der særleg Odda og Flåm var råka. Rapporten oppsumerar mellom anna vêrsituasjonen før og under hendingane, skadeomfanget ved dei ulike lokalitetane, arbeid utført av NVE og andre aktørar. Rapporten eg byrja på i 2015 vart ganske omfattande, og eg brukte difor sommaren 2016 på å ferdigstille den.

Kvifor søkte du somarjobb i NVE?
Eg søkte jobb hos NVE først og fremst fordi eg ønskte meg ein relevant somarjobb, der eg fekk bruke utdanninga min. Det var og eit stort pluss at dei har regionkontor i Førde, då eg kjem frå Høyanger.

Kva er ditt beste minne frå somrane i NVE?
Sommaren 2014 var utruleg fin med mykje varmt vêr. Eg fekk bruke sommaren på å vere ute og reise i store delar av regionen. Eg fekk også sjå mykje spennande geologi og resultatet av naturhendingar på nært hald. 

Korleis har du brukt det du lærte frå NVE i studiane?
Mykje av det eg hadde lært så langt på studiet var gjennom teori. Etter sommarjobbane i NVE hadde eg fått mykje praktisk erfaring med mellom anna naturfarehendingar. Dette var ein stor fordel vidare på masterstudiet, men og for mitt vidare arbeid i NVE som fast tilsett.

Kva vil du sei til alle som vurderer å søke sommarjobb i NVE?
NVE er ein kjempe spennande arbeidsplass med mange interessante fagområder og arbeidsoppgåver. Det er givande at det du gjer er samfunnsnyttig og til stor hjelp for mange.

 

Søk på sommerjobb i NVE

Vi tar imot åpne søknader om sommerjobb.

Hver sommer tar vi inn studenter og skoleelever til sommerjobb. Så langt det lar seg gjøre forsøker vi å tilpasse arbeidsoppgavene til dine interesser, erfaring og kompetanse. Det er et stort spekter av arbeidsoppgaver, og dette vil variere fra år til år etter fagavdelingenes behov for ekstra hjelp.

Dette er noen av oppgavene som tidligere sommerstudenter har jobbet med:

  • Kvalititetssikring av dambruddsbølgeberegninger og stadfesting av dammer og vannveier i databasen ArcGis
  • Analysering av data fra regulerkraftmarkedet i Python med hovedfokus på å undersøke fleksibiliteten i det norske kraftsystemet
  • Digitalisering av informasjon fra konsesjonssaker
  • Videreutvikling av algoritmer for terrengklassifisering av snøskred
  • Deltakelse på befaringer
  • Registrering av historiske data om vannkraft
  • Henting av data, scripting og testing av modell

Les mer om sommerjobb i NVE.