Fyllingsgrada nærmar seg 40 prosent. 

Ved utgangen av veke 10 var fyllingsgrada i norske magasin 40,5 prosent. Fyllingsgrada gjekk ned med 2,1 prosenteiningar mot 1,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2018 er 44,6 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 23,2 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 47,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 10, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.