Omtrent same nedtapping av magasina som veka før. Ved utgangen av veke 9 var fyllingsgraden i norske magasin 42,6 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 1,6 prosenteiningar mot 1,7 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2018 er 47,0 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 26,9 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 49,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 9, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.