Uendra nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 9 var fyllingsgraden i norske magasin 42,2 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,9 prosenteiningar, like mykje som veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 47,5 prosent, og minimumverdien 24,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 49,2 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 37,3 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på
41,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 9 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.