Nokon mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 8 var fyllingsgraden i norske magasin 44,2 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 1,7 prosenteiningar mot 2,0 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2018 er 49,3 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 31,4 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 50,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 8, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.