Meir nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 8 var fyllingsgraden i norske magasin 46,1 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,9 prosenteiningar, mot 3,4 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 50,5 prosent, og minimumsverdien 27,0 prosent.


Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 53,2 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 40,5 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 45,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 8 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.