Vassmagasinstatistikk veke 6 2021 - NVE

Framleis nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 6 var fyllingsgraden i norske magasin 59,7 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 3,7 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 53,3 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest- Noreg (område 2) med 68,1 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 47,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 6, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.