Fyllingsgraden litt under medianen. Ved utgangen av veke 6 var fyllingsgraden i norske magasin 53,4 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,6 prosenteiningar, mot 3,2 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 56,7 prosent, og minimumverdien 32,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 60,8 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 46,6 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 53,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 6 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.