Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 6 var fyllingsgraden i norske magasin 64,2 prosent. 

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,0 prosenteiningar mot 2,1 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015  var 56,7 prosent, og maksimum 65,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 68,6 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 60,9 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3)  hadde ein fyllingsgrad på 65,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 6, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.