Vassmagasinstatistikk veke 52 2020 - NVE

Omtrent same nedtapping av magasina som veka før. Ved utgangen av veke 52 var fyllingsgraden i norske magasin 85,3 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,8 prosenteiningar.  Fyllingsgraden er framleis den høgaste på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest- Noreg (område 2) med 90,9 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 80,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 52, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.