Noko mindre nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 52 var fyllinga i norske magasin på 63,3 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 1,7 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 69,5 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 50,0 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 70,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 52, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.