Mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 52 var fyllingsgraden i norske magasin 63,9 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 1,8 prosentpoeng mot 3,5 prosentpoeng veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 70,6 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 54,3 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 67,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 52 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.