Sterkare nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 50 var fyllingsgraden i norske magasin 69,2 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 3,1 prosenteiningar mot 2,0 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 74,5 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 57,9 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 73,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 50 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.

 

Vassmagasinstatistikk for veke 51 vert publisert på fredag 28.desember kl. 13

For veke 52 vert statistikken publisert på torsdag 3. januar kl. 13