Vassmagasinstatistikk veke 5 2021 - NVE

Mindre nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 5 var fyllingsgraden i norske magasin 63,6 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 3,4 prosenteiningar. Fyllingsgraden er 3,5 prosenteiningar under den høgaste på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest-Noreg (område 2) med 71,9 prosent, mens Midt-Noreg (område 3) og Vest-Noreg (område 5)  hadde lågast fylling med 53,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 5, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.