Fyllingsgraden under 60 prosent. Ved utgangen av veke 5 var fyllingsgraden i norske magasin 57,0 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,2 prosenteiningar, mot 2,8 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 var 59,6 prosent, og minimumverdien 34,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 64,3 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 49,6 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 57,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 5 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.