Framleis høy magasinfylling på denne tida av året. Ved utgangen av veke 5 var fyllingsgraden i norske magasin 67,2 prosent.

Fyllingsgraden er den høgaste sida 1989. Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,1 prosenteiningar mot 1,5 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 59,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 71,7 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 64,1 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 67,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 5, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.