Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 48 var fyllingsgraden i norske magasin 74,3 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 2,4 prosenteiningar mot 2,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 78,8 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 61,5 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 80,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 48 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.

 

Vassmagasinstatistikk for veke 51 vert publisert på fredag 28.desember kl. 13 .

For veke 52 vert statistikken publisert på torsdag 3. januar kl. 13