Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 30.11.2021 , sist oppdatert 01.12.2021

Vassmagasinstatistikk veke 47 2021

Nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 47 var fyllingsgrada i norske magasin 69,0 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,1 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 79,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 80,2prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 61,8 prosent. 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 47, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.